Monday, July 24, 2006

Vår nye sofa..

Familien Røed har ein sofa som er sliten og gammal av dage, den treng difor å skiftast ut. Ja, dette er jo ein enkel sak, tenkjer kanskje du, men der tok du feil. Den gamle sofaen har vore trufast og tent oss vel i elleve år, så det stillest høge krav til nykommaren .

Slik er stoda: Pappa Røed vil gjerne ha raud, Mamma Røed vil ha grøn, medan me borna i familien er meir eller mindre nøytrale (veit ikkje).Vår kjære, harmoniske og fargeglade familie, treng sårt di hjelp!

Kom med innspel, meiningar, aggresjon(?) og ymse...
Me vil gjerne høyre frå deg :)

Mvh Familien Røed
(v/fortvila born)

2 comments:

My søkjer Stinky said...

Mari er ein god ven av familien(tihi) og lever etter den regelen at grønt er skjønt (tante tøys seier so).
Gratulerar med ny blogg fru Røed, og tusen takk for nybaka brød med heimalaga blåbærsyltetøy. Det smakte meeeeget godt etter ein badetur med to av dine born der eg tok eit 45 graders mageplask i fylgje din fyrstefødde.
Vyrdsamt Mari Kristensdotter

Anne M. said...

Hei Mari!

Takk for respons!Helt enig,grønt er skjønt, skjønt jeg titt og ofte ser rødt...det er det temperamentet vet du.

Så bra at du liker syltetøyet og brøde mitt!jeg er rørt!Har mer på lager, det er bare å komme innom.Mamma Røed disker opp.

Vi snakkes!